Personopplysninger

Elevtekst 3

Denne teksten er skriven av Aksel då han var i elev i 10. trinn i Globalskolen.

Reklame

Reklame er noko som folk flest elskar. Nokre TV-kanalar hatar ein fordi dei anten har veldig få eller ingen reklamepausar. Ein kanal vert hata fordi ein kan sjå ein film utan å bli minna på at damer diggar menn som bruker Axe, eller at du er stygg, men du blir pen av å smøre ein krem i trynet. Dette er jo det første og viktigaste ein lærer i livet!

Heilt sidan du har fått evna til å forstå reklamar, byrjar du å lære at du blir gladare av å kjøpe. Viss du ikkje har produktet som det vert reklamert for, er ikkje livet ditt så bra som det kunne ha vore. Dette er veldig viktig for alle å forstå, fordi viss ein ikkje gjer det, så blir jo ingenting selt, og det er ein tragedie!

Berre tenk deg ei verd utan presset til å kjøpe ting for å bli likt av andre. Fysj, sånn vil eg ikkje leve! Korleis kan eg ellers vise at eg er kul, og at eg har mykje pengar, viss eg ikkje veit kva som er dyrt og kult?

Berre forstill deg dronninga av England utan all dei dyre juvelane hennar. Ho hadde ikkje blitt synt mykje respekt om ho ikkje klarte å vise kven det er som er sjefen i Buckingham Palace!

Ein annen ting eg elskar med reklame, er at han finst overalt. På ein vegg rett utanfor vindauget – så utsikten blir ti gonger så fin. På tv, radio, Internett, menneske, dyr, bilar og ein million andre ting er det masse fin reklame å sjå heile tida – så eg veit kva eg skal kjøpe. Korleis skal ein kunne vite kva ein bør kjøpe i butikken utan å vite kva produkt det er som har dei mest pålitelige reklamane?

Livet hadde vore tomt utan reklame. Inga hyggeleg stemme som ringer i middagstida for å fortelje om dei flotte tilboda Telenor har. Damer ville hatt meir sjølvtillit og kunne ha spelt meir kostbare.

Postkassen hadde vore nesten  heilt tom; og kanskje verst av alt, det hadde ikkje vore tjue reklamar kvart tiande minutt til å minne meg på kor mykje gladare eg hadde vore om eg investerte i ein do-børste med garanti på tre år! Det hadde vert ei kald og grusom verd!

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |