Personopplysninger

Elevtekst 5

Skrive av Hanna S.

Reklame på TV

Endeleg fredag, dokker! Er det ikkje godt å komme heim frå skolen og kunne slappe av etter ei lang veke med masse kompliserte lekser og masete lærarar?

Fredagskvelden er utan tvil vekas høgdepunkt for meg. Eg slepp å måtte bry hjernen min med å lære tyske gloser eller å analysere ein eller annan tørr tekst. Eg kan hive skolesekken i eit hjørne og konsentrere meg om dei viktige tinga i livet, nemleg det å sjå på tv!

Kjenner du følelsen når alt er perfekt? Du har sett deg godt til rette i sofaen, potetgullet til venstre og Colaen til høgre. Favorittfilmen vert sendt kvart augneblink, og livet er herleg!

Sist fredag var ein slik dag for meg. Såg du kanskje også Titanic? Eg var klar som eit egg. Kjekke Di Caprio skulle akkurat gå om bord i skipet, da vi to blei avbrotne av ein reklamepause.

Ei dame snakka til meg: «Er du også plaga av muffinsmage?» Hæ? Eg har ikkje muffinsmage, eller? Eg slutta å ete potetgullet mitt med ein gong. Blikket vandra ned til magen, og synet som møtte meg, var sjokkerande! Magen min som hadde vore heilt fin, såg plutseleg ut som eit grettent ansikt bak alle valkane. Det var som om han skreik til meg: «Kjøp alle tablettane frå den dama – du må bli kvitt muffinsmagen!»

Da filmen endeleg heldt fram, klarte eg ikkje å konsentrere meg om filmen. Jack og Rose segla sin eigen sjø, medan eg kasta Colaen og potetgullet i boset. Slukøyrd, sette eg meg opp i sofaen og prøvde fortvila å trekkje inn magen og nyte filmen. Har du prøvd dette sjølv? Da veit du at det er umogeleg! Kvelden var øydelagd.

Men sjølvsagt var det no viktigare å fokusere på magen enn å få med seg slutten av filmen! Ikkje visste eg at magen min hadde blitt så stor, ikkje hadde eg forstått at livet mitt ikkje kunne halde fram slik, ikkje kunne eg skryte av stram og flat mage, og ikkje hadde eg forstått kor viktig kropp og utsjåande var blitt. Det er jammen godt at slike tablettar finst!

Eg heiv meg på internett og bestilte meg ein god porsjon med tablettar. Eg følte meg lettare allereie! Kvelden var redda!

Så da Titanic traff isfjellet og katasrofen var eit faktum, hadde eg funne fram skolesekken og sat ved stovebordet og pugga tyske gloser. Tenk kva reklame kan gjere med deg! Scheisse!

Livet er herleg!

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |