Personopplysninger

Elevtekst 6

Skrive av Benedikte, USA

Ein spegel inn til hjernen

Kva er ein ting dei aller fleste har på hovudet? Hår. For dei aller fleste er hårstell veldig viktig. Om ein ikkje gjer noko med håret, tar det ikkje lang tid før det ser ut som eit kråkereir. Men kva skal ein gjere med det? Det er der hår-motane kjem inn. Hårmotar varierer frå land til land, og desse motane kan seie litt om kva som surrar rundt i hovudet til jenter verda over. Håret er ei utviding av hjernen, og hårmoten ein vel, speglar hjerneaktiviteten. Til dømes så veit vi alle at dei fleste gutar ikkje har så mykje hår på hovudet … Kanskje det seier litt om kva eller kor mykje som skjer oppi der…

Lat oss starte med den aller vanlegaste hårmoten som finst i Noreg blant jenter. Ein tidlaus favoritt; langt, slett hår. Kva seier dette om hjerneaktiviteten til ei vanleg norsk jente? Du har heilt rett, ikkje så mykje. Det er ikkje så mykje å seie, fordi det er ikkje så mykje som skjer. Hjernane deira er fylte med snapchat og sjølvbruning, ikkje så mykje meir enn det (kanskje ein gut i ny og ne, kven veit). Ganske minimalistisk, for å seie det enkelt.

Ein annan norsk favoritt er fletter. Fletter viser at jenta bruker meir tid. Meir tid = meir omtanke = meir … tanke. Hjerneaktiviteten deira er også minimalistisk, men ikkje like rett fram (eller … rett ned). Hårstråa er nemleg fletta saman til å bli meir einige. Jentene med fletter veit kva dei vil. Dei er organiserte og ordentlege utan å vere for «flashy». Dei veit kva dei vil; ha håret, livet og tankane på plass. Dei har rett og slett ikkje råd til å bruke opp tida si på å tenkje på hår og tankar som flyg rundt utan nytte.

I USA er jentene litt «meir» enn i Noreg. Lat oss starte med ein amerikansk favoritt, «messy bun». Dette er ein ny mote som ein ser overalt. Han tek mange timar å få til. Mange timar med søvn kanskje, men framleis mange timar. Han er rotete, akkurat som jentene som går ut av døra. Det er nesten som om dei vil gå rundt med eit kråkereir på hovudet. Hjerneaktiviteten deira er som håret, overalt. Om morgonen har dei verken tid til å ordne håret eller å få på plass tankane. Munndiaréen deira kjem like fort som eit av håra deira kjem inn i munnen din.

Ein annan hårstil, som ein ser ofte, er sterkt farga hår. Den rosa/blå/grøne/lilla fargen strålar i kvart rom, akkurat som dei som har det slik. Hjernen er like livleg som håret, og dei har ein fantasi og kreativitet utan like. Eg trur at då dei tok på fargen den første gongen, så saug alle hjernecellene opp den sprudlande fargen, og det var slik kreativiteten deira vart til.

Hårmotane er som dei som eig håret, forskjellige. Nokon tar seg tida til å ordne håret sitt og kanskje til og med hugse på å ta med seg ein ekstra blyant til dei som ikkje ein gong hadde tid til å vakne heilt før skulen. Det er mykje forskjellig som skjer i hovudet til jentene verda over, og desse forskjellane gjer oss unike. Eg er i alle fall glad for at mattelæraren min ikkje er sprudlande nok til å farge håret grønt, men at ei i klassen gjer det i staden for læraren.

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |