Personopplysningar

Vite/vise

Som regel bruker vi ikkje dobbeltkonsonant framfor ein annan konsonant i bøygde ord. I nokre tilfelle må vi behalde dobbeltkonsonanten for at det ikkje skal oppstå forveksling med andre ord.

Å vite – visste 

Å vite kan bety å ha kjennskap til noko, ha greie på, ha forstand på eller vere sikker på.

Eksempel:

  • Eg visste at du er glad i meg.

  • Vi visste det ville gå slik.

  • No viste du meg at du ikke visste betre.

  • Det er ikkje så greit å ikkje vite det ein burde ha visst.

  • Det irriterte meg at ho ikke viste meg det ho visste om den hemmelege gøymestaden.

Å vise – viste 

Å vise kan bety å late nokon sjå, peike ut, sende av stad, gje bevis på eller å gje uttrykk for.

Eksempel:

  • Han viste særleg stor interesse for bøker.

  • Det viste seg å stemme det Lene hadde fortalt til Per.

  • Petter viste meg vegen til fjellet som Grete ikke visste om.

To verb

Nedanfor ser du korleis vi skal bøye verba å vise og å vite:

Bøyingsskjema

Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum
Å vise viser viste har vist
Å vite veit visste har visst

Øvingar

 Øving 1   Øving 2
Kontakt: arne.heimestol@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |