Skriv éin, éi og eitt når du vil uttale ordet med ekstra sterkt trykk, og ein, ei eller eit når du vil uttale det med vanleg, lett trykk.
Bestemmarord
Mengdeord høyrer med til ordklassen bestemmarord og er ord som fortel om talet på, eller mengda av, noko.
Det er fleire typar slike ord:
-
grunntal (ein/éin, to, tre)
-
ubestemte artiklar (ein, ei, eit)
Ubestemte artiklar
Bøyingsskjema
Hankjønn |
Hokjønn |
Inkjekjønn |
ein mann |
ei jente |
eit barn |
Grunntal
Nokre gonger uttalar vi ordet med trykk fordi det har med talet 1 å gjere.
Bøyingsskjema
Hankjønn |
Hokjønn |
Inkjekjønn |
Berre
éin gutt |
Berre
éi jente |
Berre
eitt barn |
Når ordet har ekstra trykk, er det grunntal, men du kan òg seie og skrive talet utan å leggje sterkt trykk på ordet.
Eksempel:
Ubestemt pronomen
Ordet ein kan òg vere ubestemt pronomen.
Eksempel:
Fleire eksempel
-
Ho vart nummer éin/ein i hoppkonkurransen. (Uttale med eller utan trykk)
-
Ikkje éin sa frå då Ola juksa på prøven.
-
I eitt av to tilfelle skaut han bom.
-
Ein gut treng òg merksemd.
-
Har du sett ein blå kopp?
- Eit/eitt av dei finaste fjellområda i Jotunheimen. (Eit om du uttalar ordet utan trykk, og eitt dersom du legg vekt på ordet.)
-
Ein kan aldri vere sikker på at alle greier å finne ut kva ein/éin pluss ein/éin er.