Personopplysningar

Ho/henne

Ho og henne er to former av det same pronomenet. Du kan bruke ho/henne på same måte som eg/meg, du/deg, vi/oss og de/dei.

Ei enkel løysing 

I nynorsk treng du ikkje bruke pronomenet henne. Du kan nytte ho i staden.

Eksempel:

  • Han besøkte ho i går. Ho ville ikkje prate med han. Dei vart einige om at han heller skulle kome til ho dagen etter.

Både ho og henne

Resten av denne sida er viktig dersom du vil bruke både ho og henne. Ho er då subjektsform av pronomenet, og henne er objektsform. Sjå skjemaet nedanfor.

Bøyingsskjema

Eintal Subjektsform Objektsform
1. person eg meg
2. person du deg
3. person han, ho, det han, ho, henne, det
Fleirtal    
1. person vi/me oss

Er du usikker på om det kan bruke ho eller henne, kan du byte ordet med eit anna pronomen, for eksempel eg/meg. Då ser du om du kan bruke subjektsforma eller objektsforma av ordet.

Eksempel:

  • Han gav henne ein blome. (Eg gav deg ein blome.)

  • Ho sa at ho aldri gjorde noko gale. (Du sa at du aldri gjorde noko gale.)

  • Eg fortalde at det var ho som var raskast. (Eg fortalde at det var eg som var raskast.)

  • Han fortalde henne at timen var slutt. (Han fortalte oss at timen var slutt.)

Du kan bruke henne når ordet står saman med ein preposisjon.

Eksempel:

  • Han kom på besøk til henne.

NB! Øvingane nedanfor er laga for dei som vil bruke ho som subjektsform og henne som objektsform.

Øvingar

Øving 1 Øving 2 Øving 3
Kontakt: arne.heimestol@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |