Å kan vere utropsord eller infinitivsmerke. Og er ein konjunksjon som bind saman like ord, setningsledd eller setningar.
Utropsord
Å kan vere utropsord (interjeksjon).
Eksempel:
Infinitivsmerke
Infinitivsmerket å kan vi berre bruke framfor eit verb som står i infinitiv.
Eksempel:
Preposisjonsuttrykk
Vi skriv alltid å i preposisjonsuttrykk som desse:
Faste uttrykk
Vi bruker å i nokre faste uttrykk som desse:
-
vel å merke
-
så å seie
-
(komme) ut å køyre
-
sant å seie
Konjunksjon
Og er ein konjunksjon som bind saman like ord, setningsledd eller setningar.
Eksempel:
-
Eg kjøpte mjølk og brød. (Og bind saman to substantiv.)
-
Når snøen fell, og når det er bikkjekaldt ... (Og bind saman to leddsetningar.)
Fleire infinitivar
Vi kan bruke konjunksjonen og når vi bind saman fleire infinitivar. Kan vi setje inn ordet pluss, skal det vere og.
Eksempel:
-
Vi likar å lese pluss rekne.
-
Vi likar å lese og rekne.
-
Vi likar å lese og (å) rekne.
Presens partisipp
Vi skriv alltid og etter presens partisipp.
Eksempel:
Preteritumsprøven
Det er ikkje alltid lett å avgjere om det skal vere å eller og når vi har to eller fleire verb i ei setning. Prøv å gjere hovudverba om til preteritum.
Kan begge (alle) hovudverba stå i preteritum, skal det vere og mellom dei.
Dersom eitt av verba kan stå i preteritum, og det som kjem sist, må stå i infinitiv, skal det vere å mellom dei.
Eksempel:
-
Jens vil danse ... syngje for oss.
Vi prøver å skrive hovudverba om til preteritum: Jens dansa ... song for oss. Dette går bra. Her skal vi bruke og.
–> Jens vil danse og syngje for oss.
-
Dei pleier ... vaske opp etter middagen.
Vi prøver å skrive om til preteritum: De pleidde ... vaske opp etter middagen. Berre det første verbet kan stå i preteritum. Vi bruker å framfor det andre verbet fordi det med preteritumsprøven framleis står i infinitiv.
–> Dei pleidde å vaske opp etter middagen.
Les meir
På Språkrådet sine sider finn du fleire reglar.