Vi set komma etter ei leddsetning som står først i ei heilsetning.
Eksempel:
-
Når du går ut, bør du ta på deg lue.
-
Då timen var over, bad eg om å få meir lekser.
-
Dersom du er snill mot dyra, kan du få mange, fine naturopplevingar.
-
Kjem du i kveld, skal du få vere med på ein spennande fotballkamp.
-
Jo meir du øver, jo betre kan du songen.
-
At det blir snø, er ikkje det minste rart.
-
Men kven den skuldige er, klarer vi neppe å finne ut.
Ord som kan innleie leddsetningar
-
Underordningsord: da/då, når, viss, dersom, mens/medan, etter at, før, fordi, om, endå/enda, sjølv om, at, for at, slik at, slik som.
- Spørejeord: Kven, kva, kor, kvifor og korleis kan også innleie ei leddsetning viss ikkje ordet står først i ei spørjesetning.
For å og ved å
Det skal ikkje vere komma når du begynner ei setning med for å eller ved å. Ved å og for å innleier ikkje leddsetningar.
Eksempel: