Personopplysningar

Regel 5

Innskot og forklarande tillegg skal ha komma føre og etter.

Innskot og forklarande tillegg er merkte med grøn skrift.

Eksempel:

  • Hennar store mål, å få seg ein hund, gjekk i oppfylling.

  • Bergen, den største byen i Vestland fylke, har kommunenummer 4601.

  • Vassfaret, eit skogkledd dalføre, ligg mellom Hallingdal og Valdres.

  • Sognefjorden, Noregs lengste og verdas neste lengste fjord, er 205 km lang.

  • Rypebær, Arctostaphylos alpinus, kan setje vakker raudfarge på store fjellområde om hausten.

Øving

Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |