Vi bruker komma ved ettersette setningar som sa ho, meinte han, trudde eg, smilte han. Når sa ho og liknande uttrykk står mellom to setningar, skal det vere komma både før og etter ytringsuttrykket.
Eksempel:
– Eg har lært mykje av å samarbeide med deg, smilte Liv.
«Det var hyggjeleg», tenkte Liv, at Per ville hjelpe henne med å få komma på rett plass.
«Har du», sa Per, «trudd at eg kan alt om komma?»
– Det er flott at de samarbeider når de skal lære innfløkte kommareglar, sa læraren.
Ved hermeteikn
Hermeteikn kan vi mellom anna bruke når vi gjev att ordrett noko som er sagt, skrive eller tenkt. Legg vi til uttrykk som sa han eller liknande, skal komma kome etter det siste hermeteiknet.
Eksempel:
«Eg vil at du skal hjelpe meg med leksene», sa Per.
«Eit lite skritt for mennesket, men eit stort skritt for menneskeslekta», sa Neil Armstrong då han 21. juli 1969 vart det første mennesket som sette foten sin på månen.
«Det var ei svært hyggjeleg jente», tenkte Per.
Ikkje komma
Det skal ikkje stå komma når den refererte teksten sluttar med spørjeteikn eller ropeteikn.
Eksempel:
«Kan du alt om komma no?» spurde Per.
«Nei, det kan eg dessverre ikkje!» klaga Liv.