Vi set til vanleg komma framfor og/eller etter tiltaleord, svarord og utropsord.
Eksempel:
– Mons, kom deg ut av sofaen min!
– Huff, Maren, dette forvirrar meg.
– Ja, eg kjem heim til rett tid.
– Kven dukkar opp no, tru?
– Nei, far, dette forstår eg ikkje.
– Unnskyld, kan du vise meg vegen til barnehagen?
– Nei, kjære deg, dette meiner eg du må slutte med!
Når svarord eller tiltaleord i starten av ei ytring består at to fråskilde, men i betydning nær samanhengande ord, skal det berre vere komma etter det siste ordet.
Eksempel:
– Ja vel, då veit eg det.
– Ja ja, du er ein liten luring, trur eg.
– Å nei, ikke gå før du har ete opp maten din!
– Ja vel, då reknar eg med at du dukkar opp før midnatt.