Personopplysninger

Eksempeltekst 2

Multitasking er ein myte

Av Liv, 10. trinn i Globalskolen 2019

I dei siste åra har tal frå undersøkingar i fleire land gjort det tydeleg at vi menneske ikkje kan løyse fleire oppgåver samtidig utan at kvaliteten på arbeidet lir. Uavhengig av alder og kjønn. Kvifor er det da på mange skolar framleis greitt å ha mobiltelefonen framme i undervisninga? Kva må til for at denne situasjonen forandrar seg?

Mobiltelefonen er ein del av kvardagen vår

«Vi lever i ei verd der mobiltelefonar har blitt nesten like vanlege som underbukser», seier professor Terje Rasmussen frå Institutt for media og kommunikasjon ved Universitet i Oslo til forskning.no. Det har blitt heilt naturleg at vi har mobiltelefonen like i nærleiken heile dagen – og natta med. Vi er blitt vande til å få opptil hundrevis av meldingar kvar dag, og det er berre god folkeskikk å reagere på dei aller fleste av desse meldingane. Nokon av oss får til og med separasjonsangst om vi gløymer telefonen heime. I følgje forskning.no kallast dette nomofobi, frå engelsk no mobile phone phobia.

Konfliktar kostar energi og nervar

Er det rart at vi nesten ikkje klarar å leggje bort mobiltelefonen i fleire minutt? Eller ein heil skoletime? Er nokon overraska over at skoleelevar blir sure og irriterte når læraren ber dei om å putte mobilen i sekken? Samtidig viser ein studie som universitetslektor Magnar Ødegård frå Universitetet i Oslo la fram i 2018, at 60 prosent av elevar blir forstyrra av uro i klasserommet. Og ulovleg kommunikasjon, speling, juks eller digital mobbing er ofte ei årsak til uro. Sjølvsagd blir lærarar også påverka av bråk. Og av og til kan det vere enklare å ignorere at nokon sit på mobilen og ikkje følgjer med i timen, enn å diskutera dette etter at han som kasta lua til kameraten i gjennom klasserommet har sett seg ned igjen, og dei to venninnene har slutta å prate om helga som var.

Vaksne som forbilde

Mange skolar har etter kvart forbode mobiltelefonar i undervisninga, skriv forskning.no, og på nokre skolar må elevar levere telefonen på eit «mobil-hotell» når dei kjem på morgonen. Fleire avisartiklar framhevar at elevar på slike skolar fort blir vande med mobil-pausen, og at dei fortel om positive effektar på læringa og det sosiale livet på skolen. Men kvifor skjer dette berre på nokre skolar? No er det på tide at alle skolar innfører reglar for mobilbruk i undervisninga. Og reglane må gjelde for alle. Det er ikkje berre elevar som brukar mobilen i timen. Mange lærarar tek fram mobilen når elevane skal jobbe sjølvstendig. Og i kvardagen elles er vaksne nesten like ofte på telefonen som tenåringar. Eit forbod mot mobiltelefonar i skolen kan derfor berre vere eit første skritt i kampen mot «alltid-på-mentaliteten». Vaksne må gå føre med gode eksempel. For heller ikkje dei kan gjere fleire ting samtidig med godt resultat.

Kjelder

forskning.no:
https://forskning.no/kommunikasjon-sosiale-relasjoner-barn-og-ungdom/hvordan-pavirker-mobilen-samfunnet/1065376
Forfattar: Ingrid Spilde
Lasta ned: 10. november 2019

UiO, Institutt for spesialpedagogikk:
https://www.uv.uio.no/isp/forskning/aktuelt/aktuelle-saker/2018/60--av-elevene-blir-forstyrret-av-uro-i-klasseromm.html 
Forfattarar: Marika Vartun og Aina Rødal
Lasta ned: 10. november 2019

Forskning.no:
https://forskning.no/barn-og-ungdom-pedagogikk-teknologi/mobilforbud-i-skolen-hva-sier-forskningen/1231627 
Forfattar: Bård Amundsen
Lasta ned: 10. november 2019

Forskning.no:
https://forskning.no/internett-sosiale-relasjoner-mobiltelefon/derfor-blir-noen-avhengige-av-mobiltelefonen/327672
Forfattar: Ida Kvittingen
Lasta ned: 23. november 2019

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |