Personopplysningar

Subjekt og verbal

Subjektet er den, det eller dei som utfører handlinga i ei setning. Verbalet fortel kva nokon gjer, eller kva som skjer, og inneheld ord frå ordklassen verb.

Nesten alle fullstendige setningar inneheld både subjekt og verbal. Unntaket er imperativsetningar. Dei kan bestå av berre eitt ord – verbalet.

Til vanleg kjem subjektet rett før eller rett etter verbalet. Du finn det ved å spørje med kven eller kva + verbalet.

Verbalet i heilsetningane nedanfor er ordet kasta. Kven er det som utfører handlinga i dei to setningane?

  • Ein elev i 6. klasse kasta snøball på rektor i går.

  • Rektor kasta snøball på ein elev i 6. klasse i går.

Bilde av ein gut og ein vaksen som begge står med snøball i handa

Øving

  Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |