Personopplysningar

Adverbial

Vi kan flytte eit ledd i ei ytring for å leggje ekstra vekt på det. Adverbial er ledd som det er lettast å flytte på.

 

Feltanalyse:

Forfelt Midtfelt Sluttfelt
  v n a V N

A

Eg kjem   kanskje     på skulen i morgon.
Kanskje kjem eg på skulen     i morgon.
I morgon kjem eg kanskje     på skulen.

Ikkje, berre og nesten

Når du bruker adverbiala ikkje, berre og nesten, må du vere ekstra på vakt. Ordrekkefølgja kan ha ei viss betydning.

Eksempel:

  • Nesten alle såg han.

  • Alle såg han nesten.

  • Han er berre fem år.

  • Berre han er fem år.

  • Eg vil ikkje ete opp maten hennar.

  • Ikkje vil eg ete opp maten hennar.

Øving

Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |