Personopplysninger

Jakob Sande

Jakob Sande (1906–1967) kom opprinnelig fra Dale i Sunnfjord. Her kan du bli kjent med tre dikt han har skrevet.

 

Jenta og stuten (ein usæl song frå havkanten) av Jakob Sande

Ein usæl song om ei jente,
ei jente og so ein stut.
Den eine elska ei kvige,
den andre elska ein gut.

Og jenta var gardmannsjente,
og stuten var berre stut.
Men guten var son av ein husmann,
– ein sokalla husmannsgut.

Dei møttest med kvart på ein holme
der stod det eit gamalt naust,
men der kom far hennar på dei,
og dermed var helvete laust.

Han skreik slik at måsen rømde,
– han var so sint at han naus,
og olmose husmannstraven
vart mest slegen helselaus.

Og jenta vart skyssa heimatt
med hiksting og krampegråt.
So læste han båten for ho,
– det fanst ingen annan båt.

Men seint neste laurdagskvelden
då gamlingen låg og sov,
smaug jenta seg ned til stranda,
– ho ba ikkje eingong om lov.

Og dermed vrengde ho av seg,
– ho vyrde kje kulden eingong
men sumde med kurs for holmen
med jubel og salmesong.

So var det ho midt på sundet
råka stuten, du veit,
og han låg for same kursen
der framfus han fram seg sleit.

No skulle han møte kviga
– kviga som før er nemnd,
for ho var – tilliks med guten –
løynleg til holmen stemnd.

Dei visste kje om kvarandre,
men vegen bar same veg.
Ho tenkte på han i naustet,
han tenkte vel sitt med seg.

Dei sumde med alt dei åtte,
urkrafta fram dei dreiv.
So stod dei omsider ved målet
og hardt etter pusten heiv.

Men der var det inga kvige,
og der var det ingen gut.
so sto ho der, dum som ei kvige
so sto han der, dum som ein stut.

Diktet er gjengitt med tillatelse fra Siri Sande.

Jakob SandeJakob Sande (1906–1967)

Sande arbeidet som rektor både i Fredrikstad og Oslo.

Selv om han bodde i byen, var det bygda og sjømannslivet som gav inspirasjon til diktninga hans.

Sande var spesielt opptatt av småkårsfolk som var i opposisjon til de mektige i bygdesamfunnet. I tillegg til dette sosiale engasjementet ble også vare og religiøse opplevelser skildret.

Sande var en svært populær dikter, og mange vil huske ham for hans spesielle humor – som noen ganger kunne grense til det groteske.

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |