Ein nyheitsartikkel er ein
informativ og
objektiv artikkel som fortel om noko som har hendt.
Ei nyheit er eit oppslag som kan
vere interessant for fleire. Det er forskjell på å lage ei sak for nærmiljøet
ditt og for heile verda. Jo nærare mottakarane er, jo lettare kan det vere å nå
fram med informasjonen.
Kjenneteikn på ei nyheit
| K |
Konflikt – usemje og
konfliktar er spennande stoff |
| V |
Vesentleg – hendinga eller
saka bør vere viktig for mange |
| I |
Identifikasjon –mottakarane
bør føle at saka vedkjem dei |
| S |
Sensasjon – nyheita bør
skilje seg ut frå det vanlege |
| A |
Aktuell – hendinga bør vere
ny eller ikkje kjend tidlegare |
Oppfyller saka eller hendinga di
eitt eller fleire av desse kjenneteikna, kan du lage ein nyheitsartikkel.
Oppgåver
-
Kan du finne eksempel på lokale, nasjonale og internasjonale nyheiter?
-
Finn ut kva som er forskjellen på ein
leiarartikkel, ein reportasje og ein nyheitsartikkel.
-
Kva er falske nyheiter? (Forslag
til kjelde)
Hugs å lage kjeldeliste.