J-verb har -je i infinitiv og inga ending i presens slik som dei sterke verba. Dei har som hovudregel vokalskifte i preteritum og perfektum partisipp.
Bøying:
|
Infinitiv |
Presens |
Preteritum |
Presens perfektum |
| å telje |
tel |
talde |
har talt |
| å skilje |
skil |
skilde |
har skilt |
J-verb med -te i preteritum
J-verb med stamme som endar på ustemd konsonant (k, p, s og t), skal ha -te i preteritum. (Stammen av verbet er verbet utan infinitivsending. Eksempel: Stammen til verbet å setje er set.)
Bøying:
|
Infinitiv |
Presens |
Preteritum |
Presens perfektum |
| å setje |
set |
sette |
har sett |
Sterke verb
Nokre sterke verb har endinga -je i infinitiv. Slike verb får ikkje ending i preteritum, men skiftar ofte vokal. Det svake verbet å vitje er eksempel på eit a-verb.
Bøying:
|
Infinitiv |
Presens |
Preteritum |
Presens perfektum |
| å sitje |
sit |
sat |
har sete |
| å vitje |
vitjar |
vitja |
har vitja |