Personopplysningar

Former av verbet

Tidene til eit verb viser når noko skal skje, skjer eller har skjedd.

Jente og gutt som danserPresens

Presens er notid. Vi kan òg bruke presens for å uttrykkje framtid.

Eksempel:

  • No dansar vi.

  • Turen går sikkert bra.

Preteritum

Preteritum er fortid. Noko hende tidlegare.

Eksempel:

  • I går dansa vi.

Presens perfektum

Presens perfektum fortel at noko har skjedd.

Eksempel:

  • Vi har dansa.

Bøygde former

Med bøygde (finitte) former av verbet meiner vi presens (notid), preteritum (fortid) og imperativ.

Ubøygde former

Ubøygde (infinitte) former av verbet er infinitiv, presens partisipp og perfektum partisipp.

Infinitiv

Infinitiv kan ende på -a eller -e. På desse sidene nyttar vi endinga -e.

Eksempel:

  • å gjere

  • å gjera

Bøying i ordlister

Slik vert verb ofte bøygde i ordlister. Det kallar vi å bøye a verbo:

Bøying:

Infinitiv Presens Preteritum Perfektum partisipp
danse dansar dansa dansa
går gjekk gått

Nynorskordboka

Slik bøyer Nynorskordboka verb no:

Bøying:

Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum Imperativ
å klatre
å klatra
klatrar klatra har klatra klatr
å springe
å springa
spring sprang har sprunge spring

Enkle former

Vi kallar det enkle former når verbet står åleine.

Eksempel:

  • Ola hyler.

  • Vibeke sov.

Samansette former

Samansette former har vi når verbet har eit hjelpeverb framfor seg (å ha eller å skulle).

Eksempel:

  • Han har hatt fri.

  • Eg skal på skolen i morgon!

Verbal

Enkle verbformer fungerer som enkle verbal og samansette verbformer som samansette verbal.

Øvingar

Øving 1 Øving 2
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |