Personopplysningar

Apostrof

Apostrofen står mellom eller etter bokstavar og kan sjå slik ut: ’ 
Teiknet vert brukt til å markere at bokstavar er sløyfa, eller til å lage genitiv i ord som sluttar på s, x og z.

Genitivsuttrykk 

Som hovudregel skal det ikkje vere apostrof ved genitivsuttrykk på norsk, heller ikkje ved forbokstavord som endar på stor bokstav, eller ved heile tal. I ord som sluttar på -s, -x eller -z, markerer vi genitiv berre med apostrof.

Eksempel:

  • Pers jakke

  • FNs tusenårsmål

  • TV 2s nyheiter kl. 21.00

  • Marx’ bøker

  • SAS’ flyruter i Noreg

Noko som manglar 

Apostrof kan markere at éin eller fleire bokstavar manglar.

Eksempel:

  • fatter’n

  • gla’nyheit

  • go’bit

  • snikkar’n

Øving

Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |