Personopplysningar

Hermeteikn

Vi kan setje hermeteikn rundt ord og ordgrupper som skil seg frå vanleg tekst. Teiknet skal stå framfor og etter den utskilde teksten.

Fleire teikn

Teiknet har fleire namn: hermeteikn, gåseauge eller sitatteikn. Vi kan skrive det på ulike måtar, f.eks. «Vildanden» eller ”Vildanden”.

Både i handskrift og typografi har det vore vanleg å setje det første av de to teikna nede og det andre oppe, for eksempel „slik”.

Når du vil utheve noko i ein tekst, kan du ofte velje mellom å kursivere teksten eller å setje han mellom hermeteikn.

Sitat

Hermeteikn kan vi mellom anna bruke når vi gjev att ordrett noko som er sagt, skrive eller tenkt.

Eksempel:

  • Då sa Jonn: «Eg håper læraren snart vil gje oss litt meir å gjere!»

  • Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering», står det i § 9 i opplæringslova.

  • «Galnare kan det ikkje bli!» tenkte Per.

Namn

Det er vanleg å bruke hermeteikn ved namn på bøker, songar, filmar, dikt, båtar og liknande. Bruk gjerne hermeteikn når dei gjer meninga klarare.

Eksempel:

  • «Pål sine høner» er ein festleg song.

  • «Kommandøren» er ein båt.

Skilje ut ord og uttrykk

Hermeteikn kan vi bruke til å skilje ut ord og uttrykk som er utanom det vanlege, som vi ikkje går god for sjølv, eller som vi bruker ironisk eller med atterhald.

Eksempel:

  • Sjølv om han sleppte inn 16 mål i kampen, såg han framleis på seg sjølv som «eksperten».

  • Fruktsalaten var «øye» god!

Replikkar – rekkefølgje av teikn

Mellom hermeteikn skal det ikkje stå andre teikn enn dei som høyrer til i den siterte teksten. Dette betyr at kommaet ofte kjem etter hermeteiknet. Sjå sida Rekkefølgje av teikn

Eksempel:

  • «Kjem du?» spurde ho.

  • «Eg kjem ein tur i kveld», svara han.

Fleire hermeteikn

Inne i ytringar som står i hermeteikn, bruker vi opphøgde komma eller apostrofar når det er behov for fleire hermeteikn.

Eksempel:

  •  «Slagordet ’der du er’ vert brukt av Globalskolen», sa lærar Per.

Replikkstrek

Vi kan nytte tankestrek/replikkstrek i staden for hermeteikn ved direkte tale. Tankestreken/replikkstreken skal ha eitt mellomrom mellom seg og teksten som kjem etter.

Eksempel:

  • – Jaja, sa Jorunn, – her var det lite gull å finne.

Hermeteikn eller replikkstrek?

Når du gjev att noko ordrett frå skriftlege kjelder, skal du bruke hermeteikn (f.eks. «...» eller “...”).

  • I intervju og skjønnlitterære tekstar kan du bruke replikkstrek.

  • Mange aviser bruker hermeteikn ved ordrett attgjeving av utsagn, men replikkstrek når ordlyden er omarbeidd av journalisten.

Øvingar

Øving 1 Øving 2 Øving 3
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |