Vi bruker bindestreken i samansette ord, og i nokre tilfelle kan vi bruke han for å lette lesinga.
Ved linjeskift
Vi kan bruke bindestrek til å dele opp ord ved linjeskift. Les meir om orddeling.
Eksempel:
-
sinna-tagg
-
oste-klokke
-
sykkel-styre
-
natt-tog
Tal og bokstavar
Vi bruker bindestrek i ord som inneheld både tal og bokstavar.
Eksempel:
-
15-åring
-
1800-talet
-
4-kanta
-
3.-klassing
-
TV 2-sending
-
3-roms
Forkortingar i samansetningsledd
Vi bruker bindestrek ved forkortingar og der det er naturleg å skilje samansetningsledd.
Eksempel:
-
u-land
-
ikkje-røykar
-
e-post
-
ski-VM
-
Sp-leiar
Ord i kjede
Vi bruker bindestrek når fleire ord står i ei kjede.
Eksempel:
-
munn-til-munn-metoden
-
tur-retur-billett
-
berg-og-dalbane
Geografiske namn
Ein del geografiske namn skal vi skrive med bindestrek.
Eksempel:
-
Nord-Europa
-
New-Zealand
-
Nord-Noreg
Geografiske og andre namn der førsteleddet sjølv er eit
særnamn, skal ikkje ha bindestrek.
Eksempel:
-
Oslofjorden
-
Ekofiskfeltet
-
Warszawapakta
Tre like konsonantar
Der tre like konsonantar støyter saman, kan vi bruke bindestrek eller sløyfe den eine konsonanten.
Eksempel:
Felles ledd
Når to uttrykk har eitt felles ledd, skriv vi det gjerne berre éin gong.
Eksempel:
-
søn- og helgedagar
-
hjarte- og karsjukdommar
Vi kan bruke bindestrek for å lette forståinga av eit ord.
Eksempel:
Når vi skriv det første leddet i ein dato med siffer, skal det stå bindestrek. Slik er det òg dersom forleddet er ei forkorta måleining. Men når talet i slike tilfelle vert skrive med bokstavar, skal du sløyfe bindestreken.
Eksempel: