Personopplysningar

Verbal

Verbalet fortel kva nokon gjer, eller kva som skjer, og inneheld ord frå ordklassen verb.

Verbalet er den einaste leddtypen som er med i alle setningar. Eit verbal kan vere enkelt eller samansett.

Enkelt verbal

Vi har enkelt verbal når leddet består av eit verb i finitt form, det vil seie eit verb i presens, preteritum eller imperativ.

Eksempel:

  • Anne køyrer traktor. (Verb i presens)

  • Anne og Petter song. (Verb i preteritum)

  • Kom heim! (Verb i imperativ)

Samansett verbal

Samansett verbal har vi når verbalet består av ein finitt del og ein infinitt del. Den finitte delen er eit hjelpeverb i finitt form. Hjelpeverb er å ha eller å skulle. Med infinitt del meiner vi eit hovudverb i infinitiv eller perfektum partisipp.

Eksempel:

  • Kattane har ikkje sunge i dag. (Her er har hjelpeverb i presens og sunge hovudverb i perfektum partisipp.)

  • Vi skal sikkert syngje i morgon. (Hjelpeverbet står i presens og hovudverbet i infinitiv.)

Analyse

Når du skal analysere setningar, kan du bruke omgrepa finitt verbal og infinitt verbal.

Eksempel:

 

Finitt verbal

Infinitt verbal  
Hjelpeverb Hjelpeverb Hovudverb
Du skulle ha blitt heime.

Øving

  Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |