Namnet på setningsleddet adverbial kjem av ordklassen adverb.
Setningar kan innehalde setningsledd som verken er subjekt, verbal, direkte objekt, indirekte objekt, subjunksjonal, konjunksjonal eller predikativ.
Slike setningsledd plasserer vi i ei romsleg gruppe som vi kallar adverbial.
Spør og finn
Adverbial er setningsledd som kan gi svar på spørsmål som: Kor? Korleis? Kor ofte? Kor mykje? Når? Kvifor? Kor langt?
Det finst fleire adverbial enn dei ledda som kan fungere som svar på spørsmåla ovanfor.
Adverbial med preposisjon
Eksempel:
-
Tidsadverbial: Janne spelte i går.
-
Stadadverbial: Per joggar i ei skogsløype.
-
Måteadverbial: Dan hoppar med spenst.
Adverbial utan preposisjon
Eksempel:
-
Tidsadverbial: Eg hoppar no.
-
Stadadverbial: Janne står her.
-
Måteadverbial: Du kom raskt.
Setningsadverbial
Eksempel:
-
Endrar betydning i ei setning: Eg kjem ikkje i dag.
-
Uttrykkjer kjensle: Petter fekk heldigvis bestått på prøven.
-
Forsterkar eller dempar: Du har nok/vel/visst gjort det du skal i dag.
Analyse
Subjekt |
Verbal |
Adverbial |
Veslebror |
sit |
på golvet. |
Språk og adverbial
Nokre eksempel på korleis ulike typar språkmateriale kan bli brukte som adverbial:
-
Preposisjonsfrasar: Du har vore på skolen.
-
Substantivfraser: Kan du komme måndag morgon?
-
Adjektivfraser: Elevane song surt.
-
Adverb: No vil han leggje seg.
-
Leddsetningar: Sidan du kan dette stoffet så godt, kan du undervise resten av klassen i det.
Det kan vere fleire adverbial i same setning. I dette eksemplet er dei merkte med grøn og lilla skrift:
- Ho sprang fort for å rekke den siste timen.