Personopplysningar

Subjekt

Subjektet er den, det eller dei som utfører handlinga i ei setning. Nesten alle fullstendige setningar inneheld både subjekt og verbal. Unntaket er imperativsetningar. Dei har berre verbal.

Slik finn du subjektet

Du finn subjektet ved å spørje med kven eller kva + verbalet.

Subjekt Verbal   Verbal Subjekt
Eg gjekk.   Kjem du?

Infinitivskonstruksjon

Nedanfor ser du at subjektet er ein infinitivskonstruksjon:

  • Å hoppe på ski er moro.

  • Å rekne likningar med to ukjende er ei utfordring.

Substantivfrase

Her er subjektet ein substantivfrase:

  • Nils Nilsen er snikkar.

  • Den finaste jenta eg møtte på turen, heiter Sonja.

Pronomenfrase

Her er subjektet ein pronomenfrase:

Eksempel:

  • Du får komme deg heim no.

  • I morgon kjem han du ikkje liker på besøk.

Leddsetning

Her er subjektet ei leddsetning:

  • At du ikkje kunne komme i dag, var heilt uventa.

  • Om han skal begynne på skolen i år, er ikkje avgjort.

Øving

Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |