Personopplysningar

Direkte objekt

Direkte objekt i ei setning finn du ved å spørje om kva eller kven + verbal + subjekt. Objektet kjem vanlegvis etter verbalet i ei setning, men det kan også stå fremst.

Bilde av gut som kastar snøballDenne setninga skal vi analysere: Ronny kastar ein snøball.

  • Først finn vi verbalet. Her ser vi at det er verbet kastar.

  • Subjektet finn vi ved å spørje med kven eller kva + verbalet. Svaret på dette er ordet Ronny.

  • No undersøkjer vi om denne setninga har noko direkte objekt ved å spørje om kva/kven + verbal + subjekt. Svaret er substantivfrasen ein snøball.

Nedanfor ser du analysen:

Subjekt Verbal Direkte objekt
Ronny kastar ein snøball

Øving

  Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |