Personopplysningar

Indirekte objekt

Eit indirekte objekt fortel kven noko blir gjort for. For å finne dette setningsleddet spør vi med til/for kven + verbal + subjekt + direkte objekt. Det indirekte objektet er i norsk i regelen plassert føre det direkte objektet.

Denne setninga skal vi analysere:

Line gav snømannen eit skjerf.

  • Først finn vi verbalet. Her ser vi at det er ordet gav.

  • Vi finn subjektet ved å spørje med kven eller kva + verbalet.

    Svaret på dette er Line.

  • No undersøkjer vi om denne setninga har noko direkte objekt: Bruk spørsmålet kva/kven + verbal + subjekt.

    Svaret er eit skjerf.

  • Endeleg er turen komen til indirekte objekt. For å finne dette setningsleddet spør vi med til/for kven + verbal + subjekt + direkte objekt. Altså: Til kven gav Line eit skjerf?

    Svaret er snømannen.

Nedanfor ser du analysen:

Subjekt Verbal Indirekte objekt Direkte objekt
Line gav snømannen eit skjerf

Preposisjonsfrase

Vi kan skrive det indirekte objektet om til ein preposisjonsfrase og setje frasen sist i setninga.

Eksempel:

  • Med indirekte objekt: Helga gav katten hundemat.

  • Med preposisjonsfrase: Helga gav hundemat til katten.

Øving

Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |