Setningsleddet subjunksjonal har fått namnet sitt etter ordklassen subjunksjonar. Det er først og fremst ord frå denne ordklassen som kan ha oppgåva det handlar om.
Subjunksjonal er innleiingsledd i leddsetningar og ledd-delsetningar. Det vil seie at setningane dei innleier, er ein del i ei anna setning eller står som tillegg i ein frase.
I eksempla nedanfor er subjunksjonal merka med kursiv skrift:
Eksempel:
-
Sidan du liker å syngje, kan du vere forsangar på klassefesten i dag.
-
Eg lurte på om du kunne hjelpe meg med leksene.
-
At du hadde kjærast, var det ingen som visste om.
-
Vi les for å lære.
-
Læraren, som kom for seint til timen, fekk merknad av elevane.