Mengdeord (kvantorar) er ord som fortel om tal på eller mengd av noko. Dei fleste mengdeorda kan vi bruke saman med eit substantiv eller åleine.
Grunntal
Vi bruker mengdeord framfor substantiv vi kan telje. Grunntal nemner eit visst tal av noko. Du kan skrive denne typen tal med bokstavar eller siffer.
Eksempel:
Les gjerne sida Å skrive tal.
Substantivet sine ubestemte artiklar
Når vi bruker orda ein, ei og eit saman med substantiv, kallar vi dei substantivet sine ubestemte artiklar.
Eksempel:
Ved hjelp av
Nynorskordboka kan du finne ut kva for kjønn eit substantiv har. Dermed veit du også kva for artikkel du skal bruke.
Andre mengdeord
Det finst fleire ord som fortel om mengde.
Eksempel:
-
begge, nokon, noka, noko, nokon/nokre, ingen, inga, inkje, all, kvar, einkvan, som, somt, somme
Bøying
Nokre mengdeord er ubøyelege. Andre kan vi bøye i kjønn og tal.
Bøying
Eintal |
Fleirtal |
Hankjønn |
Hokjønn |
Inkjekjønn |
nokon (gut) |
noka (jente) |
noko (hus) |
nokre/nokon (gutar) |
ingen |
inga |
inkje |
ingen |
ein |
ei |
eit |
|
ein |
ei |
eitt |
|
som |
som |
somt |
somme |
all |
all |
alt |
alle |
kvar |
kvar |
kvart |
|
einkvan |
eikor |
eitkvart |
|
Nokon og nokre
Merk deg skiljet mellom nokon og nokre. Eit slikt skilje finst ikkje i bokmål (noen). I fleirtal blir nokon nytta særleg i nektande og spørjande setningar.
Eksempel:
-
Møtte du nokon hundar på vegen? Ja, nokre få var på rett veg.
-
Eg ville at alle skulle syngje i kor, eg ville ikkje ha nokon unnasluntrarar. Men nokre sneik seg unna.