Personopplysningar

Personlege pronomen

Eit personleg pronomen kan stå i staden for både menneske, dyr og ting.

Eksempel:

  • Vi gav henne ros fordi ho hadde hjelpt han med leksene.

  • Dei passa godt på, slik at hunden ikkje skulle stikke av.

Dei personlege pronomena kan stå i eintal eller fleirtal og i subjektsform eller objektsform.

Bøyingsskjema

Eintal Subjektsform Objektsform
1. person eg meg
2. person du, De deg, Dykk
3. person han, ho, det han, ho, henne, det
Fleirtal    
1. person vi/me oss
2. person de/dokker
De/Dokker
dykk/dokker
Dykk/Dokker
3. person dei dei

NB!

Nynorsk har ikkje det personlege pronomenet den, men ordet kan du bruke når det er peikeord. Vi bruker elles han når vi snakkar om hankjønnsord, ho når vi det er tale om hokjønnsord, og det når vi snakkar om inkjekjønnsord.

Eksempel:

  • Stormen var sterk. Han øydela fleire hus.

  • Britt er frå Bergen. Ho er vestlending.

  • Når kjem flyet? Det landar kl. 22.00.

Subjektsform

Når pronomenet står som subjekt i ei setning, bruker vi subjektsforma av pronomenet.

Eksempel:

  • Eg kjem ikkje på skolen i dag.

Objektsform

Står pronomenet som objekt, skal vi bruke objektsforma av pronomenet.

Eksempel:

  • Vi slo oss då vi ramla ned frå taket.

Objektsforma skal vi også bruke etter ein preposisjon.

Eksempel:

  • Ho lytta til oss for å setje seg betre inn i saka.

To alternativ

Legg merke til desse to alternativa i 2. person fleirtal. Det første personlege pronomenet i kvart eksempel står i subjektsform, det andre i objektsform.

Eksempel:

  • Slo de dykk?

  • Slo dokker dokker?

Høfleg tiltale

Høfleg tiltale (De/Dykk og Dokker/Dokker) vert lite brukt. Skal vi skrive brev til, eller helse på, kongelege personar, passar det godt å bruke desse orda.

Eksempel:

  • Dykkar/Dokkar Majestet

  • Dykkar/Dokkar Majestetar

Øvingar

Øving 1 Øving 2 Øving 3 Øving 4
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |