Personopplysningar

Substantiv

Vi deler ord inn i grupper etter felles kjennemerke. Substantiv er namn på noko eller nokon.

Fellesnamn

Fellesnamn er ord du kan setje artiklane ein, ei eller eit framfor. Fellesnamn er namn på fleire av same slag.

Eksempel:

  • Eit fjell på Sunnmøreeit fjell

  • ein gut

  • ei interesse

  • ein tanke

  • ein månad

Særnamn

Særnamn er verkelege namn som vi skriv med stor forbokstav.

Eksempel:

  • Bilete frå VoldaHelge

  • Volda

  • Balder

Med liten forbokstav

Nokre substantiv fortel kva for land ein person kjem frå. Desse substantiva skriv vi med liten bokstav.

  • Eksempel: svenske, nordmann, spanjol

Liten bokstav skal du òg bruke i namn på dagar, månader og høgtider.

  • Eksempel: måndag, påske, jul, januar, juli

Ord som er sette saman av fleire ord, skriv vi vanlegvis som eitt ord.

  • Eksempel: kuruke, kattepine, klatretau

Øvingar

Øving 1   Øving 2
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |