Personopplysningar

Bestemmarord

Bestemmarord (determinativ) er ord som bestemmer substantivet nærare. Vi har tre hovudtypar determinativ: eigedomsord, peikeord og mengdeord .

1. Eigedomsord

Eigedomsord (possessiv) viser kven som eig noko. Fleire av desse orda kan vi bøye i kjønn og tal. Eit eigedomsord kan stå framfor eller etter eit substantiv, og det kan også stå etter eit usjølvstendig verb. Når eigedomsordet vert uttalt med trykk, kan det stå føre substantivet.

Eksempel:

  • Det er min hund.

  • Dette er hunden min.

  • Boka mi er i sekken.

  • Kor er fotoapparatet mitt?

  • Prøvene deira hadde læraren ikkje vurdert.

  • Det var potetene våre den glupske læraren hadde ete opp.

Les meir om eigedomsord.

2. Peikeord

Peikeord (demonstrativ) er ord som kan peike på noko eller nokon i teksten. Eit peikeord viser til noko som er eit stykke unna. Slike ord uttalar vi gjerne med trykk.

Eksempel:

  • Den boka likte eg.

  • Det huset er vakkert!

  • Dei fjesa kjenner eg att.

  • Eg vil overnatte i dette teltet.

  • Det er desse luene vi bruker ved juletider.

Les meir om peikeord.

3. Mengdeord

Mengdeord (kvantorar) er ord som fortel om tal på, eller mengde av, noko.

A. Grunntal

Eksempel:

  • Han kjøpte 2 kg appelsinar.

  • Stemmer det at du er ti år?

B. Ubestemte artiklar

Eksempel:

  • Han er ein elev frå Nes.

  • Petter har ei jakke til sals.

  • Dei kjøpte eit hus i Åsane.

C. Andre mengdeord

Eksempel:

  • Kvar dag gjev nye mogelegheiter.

  • Ingen veit kor haren hoppar.

  • Alle må hjelpe til med oppvasken.

Les meir om mengdeord.

Øving

  Øving 1
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |