Personopplysningar

Subjunksjonar

Subjunksjonar eller underordningsord er ord som innleier leddsetningar. Dei kan fortelje noko om mellom anna tidformål, årsak, vilkår eller samanlikning.

Tre typar

Vi har tre typar underordningsord:

  • ord som da/då, når, viss, dersom, medan/mens, etter at, før, fordi, om, endå, sjølv om, at, for at, slik at, slik som

  • infinitivsmerket å

  • orda som og enn når dei innleier leddsetningar

Leddsetningar med subjunksjonar

Leddsetningane nedanfor er merkte med grøn skrift. Subjunksjonar har kursiv skrift.

  • Om du møter førebudd til timen, skal du få undervise resten av klassen i ti minutt. (Vilkår)

  • Else gjekk på grupperommet for at ho skulle kunne konsentrere seg betre. (Formål)

  • Fordi skolebussen hadde fått motorstopp, kom tre elevar for seint til skolefrokosten. (Årsak)

  • Da læraren henta  fram ein lekseprøve, vart det ganske stille i klassen. (Tid)

  • Som du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei. (Samanlikning)

Merk at ei leddsetning står som ledd, eller som deler av ledd, i andre setningar.

Øvingar

Øving 1 Øving 2
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |