Personopplysningar

Preposisjonar

Ein preposisjon er eit ubøyeleg ord. Han vert også kalla styreord eller forholdsord. Ein preposisjon seier noko om korleis noko eller nokon er plassert i forhold til noko anna.

Eksempel på preposisjonar:

  • av, gjennom, mellom, rundt, bak, hos, mot, til, blant, i, innan, innanfor, ovanfor, frå, med, på grunn av, ved hjelp av

Preposisjonar og andre ordklassar

Preposisjonar kan stå saman med substantiv, pronomen eller verb i infinitiv.

Eksempel:

  • Ugla sat greina.

  • Eg fekk ein kyss av deg.

  • Du er glad i å syngje.

Kor nokon eller noko er

Preposisjonar kan fortelje kor noko eller nokon er.

Eksempel:

  • Katten er under stabburet.

  • Vintermørkeret har senka seg over Svalbard.

Tid

Preposisjonar kan også fortelje om tid.

Eksempel:

  • Det er fint om du kjem før klokka sju.

Abstrakte forhold

Preposisjonar kan markere korleis ledd fungerer saman i abstrakte forhold.

Eksempel:

  • Det er håp om ro.

Ved stadnamn

Framfor dei fleste norske stadnamna nyttar vi i, men framfor ein del namn er den rette preposisjonen frå gammalt. I dag er i på frammarsj og kjem inn også ved mange namn i den siste gruppa, særleg by- og tettstadnamn.

Eksempel:

  • Eg er i Oslo.

  • Katrine bur Voss.

Preposisjonsuttrykk

Preposisjonen og det ordet han står saman med, kallar vi preposisjonsuttrykk.

Eksempel:

  • Eg søv i senga.

  • Veslebror sit på golvet.

Øvingar

Øving 1 Øving 2
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |