Personopplysningar

Rekkefølgje av teikn

Denne siden videreutvikler vi nå

Strevar du med å få rekkfølgje av teikn rett? I så fall håpar vi at reglane og eksempla nedanfor kan vere til hjelp.

Hermeteikn 

Punktum, spørsmålsteikn og utropsteikn skal som hovudregel stå mellom hermeteikna. Komma kjem etter siste hermeteikn (dersom det ikkje høyrer med i eit sitat).

Eksempel:

  • Hanne sa: «Du må gjerne dra på fisketur i dag.»

  • «Vil du vere med på fisketur?» spurde Hanne.

  • «Gjev akt!» kommanderte sersjanten.

  • «Møt presis til timen», kviskra lærar Per.

  • «Eg trur», sa Anna, «at du er ein klok lærar.»

  • «Og du», ropte Hans, «skal du komme deg opp av senga snart?»

  • Ho spurde: «Kven har sagt Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjøre mot dei

Replikkstrek 

Bruker du replikkstrek i staden for hermeteikn, blir det ofte enklare å halde orden på rekkefølgja av teikn.

Eksempel:

  • Hanne sa: – Du må gjerne dra på fisketur i dag.

  • – Vil du vere med på fisketur? spurde Hans.

  • – At du kunne finne på noko slikt, hadde eg ikkje venta.

Genitiv

Ein genitivs-s som er lagd til eit særnamn i hermeteikn, står utanfor hermeteiknet.

Eksempel:

  • «Vildanden»s forfattar

Kursiv skrift kan erstatte hermeteiknet her:

  • Vildandens forfattar

Parentes 

Når det som står i ein parentes, er lagt til ytringa, står punktum etter parentesen.

Eksempel:

  • Elevane møtte opp til time (i alle fall dei fleste).

Er starten av parentesuttrykket plassert etter eit stort skiljeteikn (punktum, spørsmålsteikn eller utropsteikn), skal punktum stå inne i parentesen.

Eksempel:

  • Sebastian er ein kjekk kar. (Det synest i alle fall Petra.)

  • – Har du lånt mobilen til Atle? (Det var ikkje lov å bruke mobiltelefon i denne timen.)

Du kan ofte bruke parentes i staden for komma.

Eksempel:

  • Arne, som eigentleg heiter Arne Svein, har laga denne sida.

  • Arne (som eigentleg heiter Arne Svein) har laga denne sida.

Av og til må det vere både parentes og komma.

Eksempel:

  • Når skolen sluttar (det skjer kl. 14.05), kan elevane gå heim.

I eksemplet ovanfor skal det vere komma sjølv om du fjernar parentesen.  

Ropeteikn og spørsmålsteikn set vi innanfor parentesen når dei høyrer med til tillegget eller innskotet.

Eksempel:

  • Du var mørkredd (hugsar du det?), og derfor heldt du deg inne den regntunge haustkvelden.

  • Den lua Solfrid lånte (merk deg det!), var sjølvlysande.

Semikolon skal ofte stå utanfor parentesen. I oppramsing kan vi bruke semikolon inne i parentesen.

Eksempel:

  • Arne møtte ikkje opp (han var på joggetur); møtet vart derfor gjennomført utan han.

  • Det vart tre svært gode tider på 100 m (8,78; 8,91 og 9,03).

Øvingar

Øving 1 Ekspertøving
Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |