Ny side 1
I denne teksten vil eg sjå på korleis vi kan tolke ansvaret for
grunnskoleopplæring i lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i alle
fag i lys av LK 06/13. Drøftinga gjeld elevar som har nynorsk som sidemål. Eg
vil også diskutere nokre innvendingar som vert trekte fram når ein prøver å
setje dei aktuelle måla i denne læreplanen ut i livet .
ARNE HEIMESTØL
To grunnleggjande ferdigheiter
Å kunne lese og skrive er to av dei fem grunnleggjande ferdigheitene i alle fag.
Faga sitt ansvar for desse ferdigheitene finn vi skildra like etter formålet i
kvar fagplan, og dei grunnleggjande ferdigheitene er også innarbeidde i
kompetansemåla på dei ulike hovudtrinna. Det første skoleåret bruker elevane
mykje tid på lære bokstavar og lydar og å lære det mest grunnleggjande i
språket. Etter at ein har lært det mest elementære i lesing og skriving, kan ein
bruke ferdigheitene for å lese for å lære og skrive for å vise kva ein har lært
(Håland, 2016, s. 20).
Å kunne lese
Lise Iversen Kulbrandstad seier at avkoding er fundamentet for lesing, og at
målet med leseprosessen er at ein skal kunne trekke meining ut av det ein les
(2003, s. 20). Utdanningsdirektoratet skriv at leseferdigheit inneber evne til å
kunne forstå skriftlege symbol – bokstavar, ord og teikn – og utnytte desse til
å finne informasjon og konstruere meining frå eit breitt spekter av tekstar i
ulike sjangrar og format. «Leseferdighet utvikles gjennom hele skoleløpet og i
alle fag, i møtet med stadig mer komplekse tekster. Forståelsen varierer
avhengig av tekstenes innhold og form og leserens kunnskaper, interesser og
strategiske ferdigheter» (s.a). Eg legg til at elevar også skal møte samansette
tekstar, og at leseforståing dermed må tolkast vidt.
Å kunne skrive
Når ein les, gjer ein det mellom anna for å kunne bruke det ein har fått med
seg, på ein fagrelevant måte, til dømes til å kunne skrive. Skrift kan vi bruke
til å beskrive, forestille oss, overtyde, reflektere, samhandle og utforske.
Desse skrivehandlingane kan vi møte i fleire fag. «Skulen skal førebu elevane
til arbeid og samfunnsliv gjennom skriveopplæring som dekkjer ulike
tekstkulturar og skriveformål» (Skrivesenteret, 2013).
Skrivesituasjoner er ofte koblet til faglig virksomhet. Fagenes skrivemåter
gjenspeiler derfor deres egenart, indre logikk og arbeidsmåter. I noen fag er de
tekniske beskrivelsene av apparatur og framgangsmåter viktig; i andre fag er det
evnen til å skildre følelser som er viktig. Et spesielt trekk ved
skriveferdighet er dermed at den er en forutsetning for de fleste fag, samtidig
som den er særlig sentral i norskfaget (Utdanningsdirektoratet, s.a .).
Skriving er altså ein reiskap for både læring,
utvikling, formidling og samhandling.
Læreplanmål
På småskoletrinnet skal elevane dei to første skuleåra bli lesne for på
sidemålet sitt. Frå og med 3. årstrinn skal dei sjølv lese, og dei skal
eksperimentere med skriving på sidemålet sitt på mellomtrinnet (Revidert
læreplan i norsk, 2013). I kompetansemåla etter 10. trinn ser vi at elevane skal
kunne lese eit breitt utval tekstar, i ulike sjangrar og medium, på bokmål og
nynorsk, og formidle ulike tolkingar. Dei skal også kunne skrive kreative,
informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål med
grunngjevne synspunkt og tilpassa mottakar, formål og medium (op.cit).
Kompetansemåla sidestiller målformene (Skjong, 2011, s. 47), og i opplæringa
fram mot slutten av 10. trinn skal elevane altså vere undervegs mot desse måla.
Læreplanen bruker omgrepa hovudmål/sidemål om elevskriving, medan bokmål/nynorsk
er knytt til lesing av tekst. Alle kompetansemål for hovudmål gjeld også for
sidemål, medan eitt kompetansemål berre gjeld for sidemål (eksperimenterande
skriving på sidemål frå 5. trinn (2013).
Kollektivt ansvar
Norsklærarar har hovudansvaret for grunnleggjande lese- og skriveopplæring. Men
faglæring kan ikkje skiljast frå språklæring, seier Synnøve Skjong (2011, s.
34). Lese- og skriveopplæring er eit ansvar alle
fag deler med norskfaget. Læreplanen er tydeleg på norsk er definert som
både nynorsk og bokmål, og lesing og skriving er grunnleggjande ferdigheiter i
alle fag. Stortingsmelding nr. 23 seier at alle elevar skal få få breid språkkompetanse som omfattar kompetanse i
både bokmål og nynorsk (2007–2008, s. 40), og sluttkompetansen etter 10. trinn i
læreplanen i norsk har likeverdige meistringskrav i hovudmål og sidemål. Ein
naturleg konsekvens av dette er tidleg start både med lesing og skriving på
sidemålet elevane skal ha, og dei må få møte målforma i fleire fag enn norsk.
No viser det seg at at det er avstand mellom nasjonale føringar og det som skjer
i Skole-Noreg. Utdanningsdirektoratet skriv at elevar som skal lære nynorsk som
sidemål, sjeldan møter målforma i anna enn norsktimane på skolen (2015). I ei
forelesning skriv Pål Hamre at skriveopplæringa i
andre fag enn norsk handlar om skriving av saktekstar, og han legg til:
Prinsippet er enkelt: For å lære nynorsk, må ein lese gode modelltekstar på
nynorsk, og ein må sjølv bruke, det vil seie skrive, nynorsk. Dess tidlegare ein
byrjar med det, dess betre vil resultatet bli. Og dess meir ein gjer det, dess
betre blir resultatet (NO 121, 2005, s. 8f.).
Bokmålsdominansen i samfunnet er sterk, og elevar som har nynorsk som sidemål,
treng derfor både å lese og skrive mykje på sidemålet sitt om dei skal nå måla
som er sette i læreplanen.
Viktig utviklingsarbeid
Den siste tida har fleire ungdomsskolar og vidaregåande skolar teke del i
utviklingsarbeid der målet er å fornye sidemålsopplæringa i nynorsk ved å ta i
bruk språket i andre fag enn norsk (Nynorsksenteret, s.a.). Ein skole i
Stavanger har til dømes hatt lærebok på nynorsk i samfunnsfag. Det har ført til
at elevane har lese og skrive meir på sidemålet enn dei elles ville ha gjort.
Dei har dessutan lært seg fagspråk på nynorsk, og målforma har også i større
grad enn før blitt eit bruksspråk. Askeland og Falc-Ytter er opptekne av noko av
det same: Nynorsken bør bli ein del av heilskapen (2010, s. 61f.).
Somme vil meine at ei slik løysing kan kome i konflikt med § 17-1 i forskrift
til opplæringslova. Her les vi at eleven har rett til læremiddel på ønskja
målform, nynorsk eller bokmål.
Kravet om språklege parallellutgåver gjeld for læremiddel som skal brukast
regelmessig i opplæringa og dekkjer vesentlege delar av kompetansemåla eller er
viktig for dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanen for fag i
Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Med regelmessig meiner ein at læremiddelet
blir brukt fast, over ei lengre periode eller jamleg. Når det er tvil om eit
læremiddel dekkjer vesentlege delar av læreplanen i fag, skal skoleeigar vurdere
saka konkret (2010).
I § 17-2 ser vi likevel at reglane i § 17-1 ikkje skal hindre at elevane får
ta i bruk eit breitt tilfang av læremiddel i opplæringa. «Kjeldestoff,
bakgrunnsstoff, artiklar, aviser, oppslagsverk og likande kjem ikkje under
kravet til språklege parallellutgåver, sjølv ved regelmessig bruk.» På
Utdanningsdirektoratet si nettside les vi dessutan at det er ein fordel om
elevane får lese og skrive nynorsk i fleire fag.
Når læreboka er på nynorsk i eit anna fag enn norsk, får elevane høve til å
bruke språket i prosessen med å lære eit fag. Nynorsk blir ikkje berre eit
språksystem og ei målform som dei knyter til eit avgrensa bruksområde, men blir
løfta fram som eit språk i bruk, til liks med bokmål. I tillegg til nynorsk i
læreboka får elevane møte nynorsk i skriftleg materiell og som tavlespråk
(2015).
Utdanningsdirektoratet tolkar og forvaltar lovverket for skolesektoren, slik
at alle barn og unge skal få oppfylt rettane dei har til ei likeverdig opplæring
av høg kvalitet (2016). Når direktoratet tilrår skolane å bruke læremiddel i
einskilde fag på sidemålet elevane har, gjer skolar som følgjer dette rådet, det
dei bør gjere. Direktoratet peikar sjølv på at lærebok i «omgrepstunge fag»
skaper fleire situasjonar der omgrep vert forklarte, diskuterte og kontrasterte.
«Å arbeide konstrativt med nynorsk og bokmål kan fremje språkleg medvit og
dermed den språklege kompetansen» (Jansson, 2011, s. 173 ).
Fleire har teke orde for å redusere omfanget på sidemålsopplæringa. Ein
vil altså gå motsett veg av det den nye læreplanen legg opp til. I ein artikkel i bladet «Nynorskopplæring» avviser
Torgeir Dimmen, leiar på Nynorsksenteret, at meir øving i hovudmål og mindre opplæring i sidemål gjer elevane flinkare
i norsk. Han viser til internasjonal forsking og slår fast at dess tidlegare
barn begynner med andre språk, og dess meir variert språkkompetanse dei får,
dess flinkare blir dei i morsmålet. Slik tek han eit oppgjer med «skalletrengselteorien»
som seier at språk har ein avgrensa plass i hjernen (2012, s. 2). Tidleg start
med sidemålsopplæring i fleire fag har altså god støtte både frå fagleg hald og
i læreplanen og andre føringar frå styresmaktene. Den mjuke starten på
barnetrinnet kan føre til betre meistring av sidemålet og dermed meir positive
haldningar til – og betre ferdigheiter i – denne delen av norskfaget.
Oppsummering
Norskfaget har altså eit stort ansvar for opplæring i lesing og skriving på både
hovudmål og sidemål. Andre fag har medansvar. Benthe Kolberg Jansson er tydeleg på kva som skal til dersom ein vil leggje
til rette for god nynorskopplæring. Mellom anna skriv ho at skolen skal skape
eit læringsmiljø der nynorsk er sjølvsagt og integrert i undervisninga på linje
med bokmål. Dessutan bør ein velje læremiddel som kan stimulere til utvikling av
god lese- og skrivekompetanse i begge målformene (Jansson, 2011, s. 187). Skal
ein lukkast med dette, er det ein føresetnad at lærarane meistrar både bokmål og
nynorsk, og at dei har dei rette haldningane til oppdraget dei har fått. Det er
nemleg kvaliteten på læraren som er mest avgjerande for gode resultat i
klasserommet (John Hattie i Fretland & Søyland, 2013, s. 10).
Litteraturliste