Det er mange som strevar med særskriving og samanskriving. Nokre skriv ananas ringer, men kva er det?
Særskriving
Når ord i eit uttrykk eller ei ordgruppe vert skrivne kvar for seg, kallar vi det særskriving.
Eksempel:
Samanskriving
Vi kallar det samanskriving når uttrykk eller grupper av ord vert skrivne i eitt, utan mellomrom.
Eksempel:
Du forstår sikkert at det er forskjell på gammalost og gammal ost.
Når betydninga avgjer
Nokre uttrykk må vi dele for at vi skal få fram den rette meininga.
Eksempel:
Eit tips
Dersom du les samansetningar for deg sjølv, kan du som regel finne ut om du skal skrive dei med eitt eller fleire ord.
-
Uttalar du uttrykket som eitt ord med trykk på det første leddet, skal du skrive det med eitt ord.
-
Uttalar du uttrykket som to eller fleire ord, og med likt trykk på kvart ledd, skal du skrive orda kvar for seg.
Samanbinding
Som regel kan du sløyfe bindestreken i samansette ord. I nokre tilfelle kan han vere ei hjelp til å forstå korleis ein skal lese eit ord.
Eksempel:
Når samansette ord er sideordna med
og, skal det vere bindestrek på plassen for det felles ordet som er utelate.
Eksempel:
Enkelte ord skal vi skrive med bindestrek.
Eksempel:
Av og til treng vi ein binde-e eller ein binde-s mellom dei orda som er sette saman.
Eksempel:
Nokre uttrykk
Uttrykk som begynner med av, for, i, med, om, over, på og til, skriv vi ofte med to eller fleire ord (særskriving).
Eksempel:
-
for eksempel
-
av garde
-
for at
-
i alle fall
-
med eitt
-
om bord
-
på eiga hand
-
til alt hell