Personopplysningar

Leddsetningar

Ei leddsetning står som ledd, eller som deler av ledd, i andre setningar.

Eksempel 1:

  • Heilsetning: Eg fekk vite at du ikkje kunne komme.

  • Leddsetning:                  at du ikkje kunne komme

  • Setningsrest: Eg fekk vite

Setningsrest

Setningsresten er det som står att når vi fjernar leddsetninga(ne) frå ei heilsetning.

Eksempel 2:

  • Heilsetning: Per sa at Kari lo då han datt.

  • Leddsetning:         at Kari lo då han datt.

  • Leddsetning:                        då han datt.

  • Setningsrest: Per sa

Fleire leddsetningar

Ei heilsetning kan innehalde fleire leddsetningar. Setningsleddet «at Kari lo då han datt», er ei leddsetning, som igjen inneheld ei anna leddsetning, nemleg «då han datt».

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |