Personopplysningar

Frasar

Eitt enkelt ord kan vi byggje ut til ei gruppe ord, slik at den nye gruppa har same funksjon i setninga som det enkelte ordet. Frasen får namnet sitt etter ordklassen til hovudordet (overleddet).

Eksempel:

  • «Den bortkomne sonen» kallar vi ein frase. Frasen inneheld overleddet «sonen», og dette ordet er eit substantiv.

Kursiv skrift er brukt for å vise kva for ordklasse frasane nedanfor er knytte til.

Substantivfrasar

Eksempel:

  • Den stuptrøtte eleven

  • Den illsinte læraren

Pronomenfrasar

Eksempel:

  • kjære deg

  • nettopp han

  • ho bak disken

Adjektivfrasar

  • glad i katten

  • redd for guteslampar

Preposisjonsfrasar

  • til fjells

  • hos bestefar

  • i den nederste skuffa

 

Kontakt: info@globalskolen.no | Globalskolen tilbyr nettbasert opplæring i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i utlandet. |